Cecina i Livorno
Utsjånad
Cecina er ein by og ein kommune i provinsen Livorno i Toscana-regionen i Italia. Kommunen har i kring 28 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 42,5 km². Byen ligg ved Tyrrenhavet, sjølve bysentrum ligg 2-3 km frå kystlinja. Byen har namn etter elva Cecina som renn gjennom byen.
Handelsbyen Cecina voks fram kring midten av 1800-talet. Han vart mykje øydelagd under andre verdskrigen. Sterk gjenoppbygging gjer at Cecina i dag framstår som ein moderne by.
Syklisten Paolo Bettini er frå Cecina.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cecina (Toskana)» frå Wikipedia på tysk, den 9. oktober 2013.